I Vetlebotn driv familien Lirhus stølskaféen med servering av tradisjonsmat. Her får du rømmagraut, heimelaga flatbrød og spekemat. Stølskaféen har vorte svært populær mykje takka vera den gode atmosfæra og autentiske opplevinga ein får når ein kjem på besøk. Her kjem du som gjest inn i eit gamalt stølshus, som er bygd ut til å verta ein liten og koseleg kafé, vertskapet er alltid hyggjeleg, og er du heldig kan du få med deg ein gamal stølshistorie på kjøpet. I sommar er det ope i helgene frå kl 12-18.