Då er anleggsarbeidet i VM Freestyleanlegget kome i gang. Skogen er tatt vekk og maskinene har starta å grava. Det er ny kulebakke, hoppbakke (aerials) og eit forlengja Landsbytrekk som vert bygd i haust. 19.-20. mars 2011 vert det WC i freestyle her i Myrkdalen. Me har og fleire spennande nyheiter på gang til denne sesongen, så følg med utover hausten.
Voss Fjellandsby ligg i Myrkdalen, 25 km frå Voss sentrum i retning Vikafjellet. Her finn du eit variert overnattingstilbod, med hytter, leilegheiter for sjølvhushald, samt hotellrom med frukostservering. Alt er nytt og med høg standard. I velkomstsenteret finn du resepsjon, kafé og ein hyggjeleg storkiosk.
Overnatting i Myrkdalen passar fint når du skal oppdaga Fjord Norge og Vestlandet, men samtidig vil bu komfortabelt. Her har du kort veg til fjordane og til Bergen. I Myrkdalen får du mykje for pengane.
Resepsjonen i Voss Fjellandsby er open kvardagar frå kl.09.00 - 16.30. Fredag og laurdag frå kl. 09.00 - 19.00. Sundag 09.00-16.30. Her er det storkiosk og ein liten kafe.
Klikk her for å sjå presentasjon av våre ulike overnattingstilbod.
Ring oss for bestilling på 56 53 10 30, evt send e-post til
post@vossfjellandsby.no
Velkomen til Myrkdalen.