I Voss Fjellandsby er sikkerheit i fokus. Me legg betydelege ressursar i sikring av heisar og løypar.
Me ynskjer at gjestane våre skal ha ein trygg og flott skiopplevelse i Myrkdalen.
Me anbefaler alle gjester å bruke hjelm. Born under 7 år får skri gratis om dei brukar hjelm.
Alle born under 16 får låna hjelm gratis hjå Skiutleiga.
Alpinvettreglar
trykk her for stort bilde
Skredkurs
All ferdsel utanfor preparerte løyper skjer på eige ansvar, og me ber gjestane våre om å opptre varsomt og følga med på skredfarevarsel.
Våre tilsette blir kursa i skredsøk og skredfarekartlegging og me øver på dette i henhold til vår skredplan.
Skredkurs er noko mange kan ha nytte av. Det vert arrangert skredkurs i Myrkdalen av
www.breogfjell.no
Det finnast mange tekniske hjelpemiddel for å redde folk i skred, men hugs at det tryggaste er å unngå å bli tatt av eit skred.
1. hjelpskurs
Skipatruljen i Voss Fjellandsby vert kursa i avansert fyrstehjelp årleg i tillegg til skipatrulje og sikkerhetskurs som Alpinanleggenes Landsforbund arrangerer.
Me har eit tett og godt samarbeid med ambulansetjenesta på Voss.
Alle tilsette går eit generellt fyrstehjelpskurs for å auke sikkerheita til gjestane våre.